Sommaravslutning for Stille morgonskriving

TIDSPUNKT: Torsdag 11. juni, kl. 19:00 – 21:00

STAD: Kaféen til Hordaland kunstsenter (1. etg.)

PRAKTISK: Arrangementet er for deg som tidlegare har deltatt på Stille morgonskriving. Det er gratis å delta. Meld deg på ved å maile cecilie@kunstsenter.no. Det blir servert ein enkel vegetarisk middag etter opplesningane, og ein kan kjøpe drikke i baren. 

Som ei fortsetjing av Stille morgonskriving-konseptet, inviterer me til ein kveld med deling av eigne tekstar, der det også blir servert ein enkel vegetarisk middag. Alle som har deltatt ein eller fleire gonger på Stille morgonskriving er velkomne!  

Arrangementet er retta mot dei som har lyst til å høyre kva andre har skrive, og dele noko frå det dei sjølv har skrive. Dette blir også ein slags sommeravslutning for Stille morgonskriving, før me starter opp att til hausten.

Denne kvelden får du  altså moglegheiten til å bli litt kjend med tekstane til dei andre deltakarane, og til å lese opp ein egen tekst. Det kan vere alt frå strøtankar fanga under morgonskrivinga, til meir gjennomarbeida tekst. Du kan ta med opp til 1 side med tekst. Teksten skal berre lesast opp, ikkje bli kommentert eller diskutert i plenum.